Søknadsskjema for tilskott til vassmiljøtiltak i 2018 er opna.

Miljødirektoratet - Klikk for stort bilete

Tilskottsordninga skal medverke til at ein når måla om godt vassmiljø og bidra til at ein når miljømåla i vassforskrifta.

 

Målgruppe for ordninga er kommunar, interkommunale prosjekt, vassområdeutval, friviljuge organisasjonar og forskingsinstitusjonar.

Fylkeskommunar og fylkesmannen kan (berre) søkje på vegner av fleire kommunar/vassområde, men da må det presiserast i søknaden.

Søknader om tilskott til tiltak som inngår som ein del av arbeidet med dei regionale vassforvaltningsplanane og prosjekt som har overføringsverdi til andre vassområde vil bli prioriterte.

 

Søknad om tilskott skal sendast til Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter, https://soknadssenter.miljodirektoratet.no .

 

Her finner ein også meir informasjon om kva søknaden bør innehalde.

 

Søknadsfrist er 15. januar, 2018. Fylket tek imot søknader fram til 25. januar.

Publisert av Birgitte Langlo. Sist endra 18.12.2017