Stikk UT! skiturmål

No er vinteren her!

Endeleg har vi fått nok snø dei fleste stader vi har Stikk UT! Skiturmål. Vi oppfordrer alle til finne fram skia og kome seg ut på tur, ein veit aldri kor lenge snøen blir liggande!

 

Klikk for stort bilete

På Stikkut.no finn du oversikt over årets Stikk UT! Ski-turmål. 
løyper.net- kartet kan ein følgje med på når det sist blei trakka i dei ulike løypene.
Merk! Det er omlag 20 turmål som ikkje har opna endå, desse er merka med forventa opningsdato i turlista under Finn turmål på nettsida til StikkUT!

Denne vinteren har vi 92 turmål i desse 21 kommunane: 
Fræna, Gjemnes, Halsa, Kristiansund, Lesja (Oppland), Midsund, Molde Nesset, Norddal, Rauma, Skodje, Stordal, Stranda, Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Vestnes, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund.

Til saman utgjer alle desse løypene godt over 500 km med oppkøyrte spor.
Nyt vinteren mens vi har den, god tur!