Stranda Energi AS sin talentpris

 

Publisert av Line Drege. Sist endra 31.10.2018

Stranda Energi.png - Klikk for stort bilete

Stranda Energi AS sin talentpris på kr 10 000,- skal delast ut til born/ungdom som utmerkar seg med eit spesielt talent eller viser spesiell dugleik. 

For å bli kandidat må ein ha synt at ein fortener karakteristikken lovande innan sitt felt. Lovande innan kulturfeltet som song, musikk, teater, litteratur, biletkunst, dans, idrett, kulturvern, lokalhistorie osb.

Ein kan ikkje få prisen meir enn ein gong.

Utøvaren bør vere under 20 år og bu eller vere oppvaksen i Stranda kommune.

Frist for innmelding av kandidatar er 31. januar kvart år. Prisen gjeld då for året som har vore.

Søknad sendast til:

e-post: post@stranda.kommune.no

eller til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda