Ta vare på sjeldne fuglar i kulturlandskapet

Vipe - Klikk for stort bilete

 

 

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 24.05.2017

Fleire fugleartar som hekkar i jordbrukslandskapet er i tilbakegang. Dette gjeld mellom anna åkerrikse, storspove og vipe. Ved å utsette slåtten der fuglane hekkar, bidreg ein til å ta vare på desse artane.

Den som har hekkande vipe, storspove eller åkerrikse i enga si, kan få støtte over Regionalt miljøprogram dersom ein har inngått avtale med Fylkesmannen om utsett slått.

For meir informasjon:
https://www.fylkesmannen.no/nn/More-og-Romsdal/Miljo-og-klima/Naturmangfald/Trua-artar/Ta-vare-pa-sjeldne-fuglar-i-kulturlandskapet/