Temadag om eigarskifte i Ørsta laurdag 16. mars

 Nærmar det seg eigarskifte på garden? Då er temadag om eigarskifte i landbruket laurdag 16. mars 2019 kl 10.30 – 17.00 på Hotell Ivar Aasen i Ørsta eit nyttig kurs å delta på.

Publisert av Line Drege. Sist endra 01.02.2019

Produksjonstilskot1.jpg - Klikk for stort bilete

Tilsvarande samlingar siste åra har vore så populære at M&R Bondelag på nytt inviterer til samling med tema Eigarskifte i landbruket.

Advokat Ole Houlder Rødstøl er ansvarleg for det faglege innhaldet. Denne gongen har han og med advokatane Idun Krøvel og Roberto Bjøringsøy.

Advokat Ole Houlder Rødstøl er i det daglege partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS. Han er samarbeidsadvokat for Norges Bondelag, med særlege arbeidsområder knytt til generasjonsskifte, generell forretningsjuss, odelsrett og skatt.

Det blir fokus på:

  • Planlegging av eigarskifte – regelverk.
  • Gjennomføring av eigarskifte – regelverk.
  • Kva partane kan gjere på eiga hand og kva det bør søkjast hjelp til for å unngå gjera feil, m.v.

Tid: Laurdag 16. mars 2019 kl 10.30 – 17.00

Stad: Hotell Ivar Aasen, Ørsta

Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.

Deltakaravgift kr 525,-  som inkluderer lunsj på hotellet. Betaling direkte til hotellet i løpet av temadagen.

 

Påmelding innan torsdag 7. mars til:

Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90, mob/sms 99 72 63 99

E-post: more.romsdal@bondelaget.no

Heimeside: https://www.bondelaget.no/kalender/temadag-eigarskifte-i-orsta-article101320-7667.html?instance=0