Tilbod om GDPR-kurs 23.oktober kl. 09-15 i Valldal

GDPR.jpg

GDPR er dei nye personvernreglane som endrar korleis alle bedrifter og organisasjonar i Norge jobbar. I samarbeid med Acando og Peder Songedal tilbyr Fjordhagen eit seks timars GDPR-kurs. Kurset er praktisk tilrettelagt og spesielt utforma for små og mellomstore bedrifter.

På kurset vil det mellom anna bli gitt oppgåver som inspirerer til vidare arbeid.

 

Innhald:

  • Grundig gjennomgang av GDPR
  • Fleire rundar med oppgåver
  • Gjennomgang av oppgåver i plenum
  • Kursmateriell / kurspresentasjon
  • Malar for videre GDPR-arbeid

Kurset vert halde tysdag 23. oktober i næringshagen i Valldal, møterom Grandane frå kl. 09.00-15.00.

Kurspris per deltakar inkl. lunsj: næringsforumsbedrifter kr 2500, andre kr 3500.

 

Bindande påmelding på epost til terese@fjordhagen.com innan fredag 12.oktober.