Tilskott til drenering av jordbruksjord - auka tilskottssatsar frå 1. juli 2017

Grøfting

 

 

I årets jordbruksforhandlingar vart partane samde om å legge større vekt på drenering som klima- og miljøtiltak gjennom å doble tilskottssatsene for drenering frå 1. juli. Nye satsar er 2 000 kroner per dekar og 30 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2 000 kroner per dekar berørt areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2017.

I perioden 2013–2017 er det totalt avsett 438 mill. kroner til drenering. Frå og med 2013 og fram til i dag er det innvilga i underkant av 200 mill. kroner i tilskott.  Det er også for 2018 avsett 58 mill. kroner til drenering. Dette, i tillegg til tidlegare udisponerte midlar på ordninga, tilseier at det bør vere romsleg med midlar til drenering framover.

Behandling av søknader som er sendt inn før 1. juli

Søkjarar som har fått innvilga tilskott før 1. juli etter gamle satsar, kan sende ny søknad dersom arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er påbyrja. Kommunen må da gjere nytt vedtak om tilskott, som samtidig inneber at tidlegere vedtak om tilskott vert trekt attende. Søknader som kommunen ikkje har handsama før 1. juli, vil kunne innvilgast med nye satsar (utan ny søknad).

Etter forskrifta § 3 kan det ikkje gjevast tilskott der tiltaket er påbyrja. Dette betyr at det ikkje kan gjevast tilskott etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle.

Revidert søknadsskjema med nye satsar, finn du i lenka under

Søknadsskjemaet er revidert med nye satsar.