Tilskott til tiltak i beiteområde

Beiting.jpg - Klikk for stort bilete  

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 17.03.2017

I 2016 har Møre og Romsdal fått tildelt kr 550 000 til tiltak i beiteområde. Det kan i tillegg bli trekt inn tidlegare løyvde tilskot der arbeidsfristen har gått ut eller der søkjaren melder frå om at tiltaket ikkje vil bli gjennomført. I 2016 trekte dei inn ca. kr 83 000, som så vart fordelt ut att, men dette beløpet vil variere frå år til år.

For at vi skal få løyvd tilskot til tiltak allereie før sommaren, set fylkesmannen
søknadsfristen til 1. mai 2017. Då får søkjarane bruke vår- og sommarsesongen på tiltaka. Søknader som kjem inn seinare vil bli vurderte fortløpande, dersom der står att løyvingar.

Som før, så prioriterer ein fellestiltak, som sperregjerde, bruer, sankeanlegg og andre faste installasjonar. Når det gjeld radiobjøller, så leiger Møre og Romsdal Sau og Geit ut både radiobjøller og e-bjøller til beitelag etter søknad. Nokre beitelag har kjøpt eigne radiobjøller, men intensjonen er at det er Møre og Romsdal Sau og Geit som skal stå som eigar av radiobjøller her i fylket, og at beitelaga leiger av dei. Fylkesmannen ser gjerne at dei beitelaga som vil søkje om tilskot til innkjøp av eigne radiobjøller, heller kontaktar Sau og Geit om behovet, slik at desse søknadene kjem gjennom Møre og Romsdal Sau og Geit.