Varsel om kraftig vind

Varsel om vind - Klikk for stort bilete Vi oppfordrar alle til å stormsikre alle lause gjenstandar som kan bli tatt av vinden. 

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 13.06.2018

Eit farevarsel med høgt farenivå er sendt ut frå Meteorologisk institutt.

Frå tidleg torsdag ettermiddag er det venta kraftig vind frå sør med svært kraftige vindkast på 25-35 m/s.

Torsdag kveld dreiar vinden på vest, fredag morgon minkande.

Det er høgsesong for båtar, hagemøblar og trampoliner, så ver obs, og stormsikre alt som kan bli tatt av vinden.

Les her for meir informasjon om den venta stormen.

http://www.yr.no/artikkel/advarer-mot-_hoststorm_-i-juni_-_-dette-er-svaert-uvanlig_-1.14080732