Vegstenging i Strandvegen frå veke 42

Stengt veg - Klikk for stort bilete

I samband med at Opshaug Sandtak AS på vegne av Stranda Kommune skal opparbeide VA-/kabeltrasé og gatelysanlegg i Strandvegen vil vegen vere heilt stengt frå Strandvegen 133 (Berild) til Strandvegen 149 (Osvik)

Omkøyring frå Bygdavegen til Sjøvegen via Helsembrauta, som no vil verte asfaltert og lysregulert frå begge sider.

Det blir ingen trafikk i Helsembrauta på snø eller islagt veg. Når dette inntreff blir Helsembrauta stengt og Strandvegen opna for trafikk.

Bebuarar i områder for stengt veg får tilgang til eigedomar.

Vegstenginga startar i veke 42 og kan vare til veke 51.

Skuleskyss i perioden vert slik:
Morgonen starter ein minibuss kl 0810 på snuplass i Helsemvika (innst inne) og køyrer opp Helsemkleiva til skulane. Ettermiddag så skjer det motsatte (ned Helsemkleiva og inn til snuplass) på dei avgangane som går til Helsemvika. Alle avganger som går med stor buss vert erstatta med minibuss.

Publisert av Evelyn Omenås. Sist endra 10.10.2018