Stranda kommune sitt kommunevåpen
Stranda kommune sitt kommunevåpen

Kommunevåpen

Kommunevåpenet blei godkjent ved kgl.res. 02.05.1986, og er teikna av Jarle Skuseth etter forslag frå Tor Torheim. Torheim begrunna sitt forslag med dette:

"Eit motiv med fjord og fjell høver godt for Stranda. Fjorden bind alle delar av kommunen saman og er sentral for busetnad, verksemd og ferdsel.

Fjord og fjell er sentrale for turismen, og omfattar verneverdige kulturlandskap og kulturhistoriske busetnader (fjellgardar - øydegardar)".


Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 28.10.2011