Grunna stort innsparingsbehov for budsjett 2023 har kommunestyret i Stranda vedteke å legge ned utekontora i Geiranger og Hellesylt. Vedtaket i kommunestyret er gjeldande frå 1.1.2023, men tilbodet fell vekk først frå 1.2.2023. Utekontora har vore bemanna med lege og hjelpepersonell inntil ½-1 dag i veka. Tilbodet har vore verdsett av innbyggjarane i lang tid og det er beklageleg at dette no må endrast.
Pasientane i kommunen vil bli fylgt opp av sin fastlege, og vil framleis få gode legetenester i Stranda.
Videokonsultasjon
I Geiranger har vi allereie ein godt etablert legevaktsatellitt og ein har gode erfaringar for bruk av dette. Legekontoret kjem i større grad til å opne for bruk av videokonsultasjon.
Transport til Stranda legekontor
Dei som av helsemessige årsaker har rett på drosje, må ta kontakt med legekontoret for bestilling av transport før legetimen.
Manglar det rutetilbod, tek pasienten sjølv kontakt med pasientreiser for bestilling av transport.
Helsestasjon
Det vil framleis vere Helsestasjon i Geiranger. Legekontrollar og vaksinering knytt til Helsestasjonen, vert på Stranda.