Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar - Framleis to ledige plassar for innbyggjarar i Stranda

Bård Gudim

Stranda kommune tilbyr no gratis klima- og energirådgiving til innbyggarane sine.

Dette omfattar:

Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar brukar energi meir effektivt og klimavenleg, og i  større grad tek i bruk lokale fornybar energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar.

– Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal

Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving

Stranda kommune gjennomfører frå 19. september 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot private hushald.
Føremålet er å motivere buistadeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Energiportalen.no kan brukast til dette,  men det vert også gitt tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgjevar. Du kan mellom anna få råd om:

  • Lading av el-bil
  • Etterisolering av veggar og tak
  • Utskifting av vindauge og dører
  • Installering av varmepumpe eller solceller
  • Smart styring
  • Alternative energikjelder
  • Støtteordningar frå Enova

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing om korleis han skal brukast.

Synfaring med energirådgivar

Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din.

Dette er eit avgrensa tilbod.

Gå til kalenderen for å finne ledige tider.

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og vert levert i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.

 

Kontaktperson i kommunen:
Næringssjef Inge Bjørdal
E: inge.bjordal@stranda.kommune.no
M: 464 11 023