Hovudopptak til barnehagar, skulefritidsordning (SFO) og avlasting for barn og unge

Klikk for stort bilete

Opptak til barnehagar, skulefritidsordning (SFO) og avlasting for barn og unge for 2020/2021.
Søknadsfrist 1.mars.

Søknad om plass i barnehagar (private og kommunale) og SFO for neste skule/ barnehageår.

Søknad om barnehageplass og SFO har kun elektronisk skjema som skal nyttast.

SFO plass må søkjast på nytt  for kvart skuleår.

Søknadsskjema finn de her:
Barnehageplass 
https://barnehage.visma.no/stranda

SFO- plass: https://www.stranda.kommune.no/sd/skjema/SKO011/

 

Kontakt servicekontoret eller den enkelte barnehage/skule om du treng hjelp til å søkje.

Barnehagane har samordna opptak og felles søknadsskjema for private og kommunale barnehagar.

Søknadsfrist: 1.mars 2020

Avlastningsopphald - barn/unge

Avlastning i institusjon/bustad er eit tilbod til foreldre/føresette med store omsorgsoppgåver for barn og unge i alderen 6-18 år med nedsett funksjonsevne. 

Avlastning vert gjeve ut frå ulike behov og kan bli organisert på ulike måtar. 

Kommunen vurderer behovet for hjelp, og skal i samarbeid med foreldre/føresette avgjere om det skal gjevast avlastningstiltak. 

Søknadsskjema (PDF, 332 kB), søknadsfrist 1. mars.