Høyring - Forskrift om gebyr for lovfesta feiing og tilsyn med fyringsanlegg - Stranda kommune

Utval for miljø og kommunalteknikk i Stranda kommune har i sak 21/24 gjort vedtak om å legge Forskrift om gebyr for lovfesta feiing og tilsyn med fyringsanlegg ut til offentleg høyring i 4 veker. 

Frist for innspel er 25. juni 2024.

Merknadar skal sendast til post@stranda.kommune.no

Forslag til Forskrift om gebyr for lovfesta feiing og tilsyn med fyringsanlegg (PDF, 52 kB)

Sakspapir - Ny gebyrforskrift feiing og tilsyn Stranda kommune (PDF, 99 kB)

Formål

Forskrifta har som formål å gje kommunen grunnlag for å dekkje utgifter ved gjennomføring av
lovpålagt feiing og tilsyn med fyringsanlegg i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova § 11 første
ledd bokstav h. Tenesta skal prisast i tråd med sjølvkostprinsippet.
Forskrifta regulerer gebyrordninga for feiing og tilsyn med fyringsanlegg .