Influensavaksinering i Stranda 2020

Klikk for stort bileteOBS! Nødvendig å bestille time for influensavaksinering i år. Ikkje drop-in

Kven kan få vaksine?
Det er dei i risikogrupper og andre spesifikke målgrupper som før 01.12. 2020 får kommunalt tilbod om influensavaksine for sesongen 2020/21.


Risikogruppe

  • Alle over 65 år
  • Barn og vaksne med:
    kronisk lungesjukdom(inkludert astma)
    kronisk hjarte - og karsjukdom
    nyresvikt
    leversvikt
    kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
    nedsett infeksjonsforsvar
    diabetes type 1 og 2
    svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
    annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege
  • Gravide frå 12. svangerskapsveke (2. og 3.trimester)
    Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko.
  • Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim.


Spesifikke målgrupper:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til personar med nedsett infeksjonsforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser


Tidspunkt og stad for vaksinering?

Storfjord kulturhus:
Tysdag 27.oktober, 13.00-17.00
Onsdag 28.oktober, 13.00-17.00

Per Gynt-huset Hellesylt (Hægstad gård):
Torsdag 29.oktober, kl.13.00-16.00

Liabygda og Geiranger etter avtale.

  • Dersom du har avtale om kontroll på legekontoret og er i risikogruppa kan du samtidig få sett vaksinen der, i forbindelse med konsultasjon i veke 44-48. 
  • Gravide som har avtale med jordmor i veke 44-48 kan få sett vaksina i den forbindelse
  • Helsepersonell i Stranda kommune vil få tilbod om vaksine på jobb.

Av smittevernhensyn er det viktig at alle møter presis til oppsatt tidspunkt. Du blir anvist plass og får utdelt munnbind på massvaksinasjonsstadane. Ingen må møte fram med aktuelle symptomer (Luftvegssymptomer og feber)

For at vaksineringa skal gjennomførast lettast mogleg, er det ønskeleg med t-skjorte eller anna tilpassa klede på overkroppen. 

Pris og betaling?

  • I år er eigenandelen kr 50 for influensavaksine for risikogruppa. Har du frikort er vaksinen gratis.  
  • Alle får tilsendt faktura utan gebyr i etterkant. Det er ikkje mogleg å betale kontant eller med kort 

OBS i år er nødvendig med timebestilling av influensavaksine

På grunn av smittevern vert det timebestilling av influensavaksine til Stranda legekontor på telefon 464 11 047 mellom kl.08.30-11.30 og 12.30-15.00 eller ved å sende ein SMS til 2097. (Start meldinga med Stranda, skriv navn og fødselsdato og kva det gjelder).
Du vil få tilbakemelding på tidspunktet.

Sjå folkehelseinstituttet si side for meir informasjon om influensavaksine https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/ 

Kva med meg som ikkje er i risikogruppa?
Etter avgjerd av Folkehelseinstituttet skal i år vaksinene i første omgang prioriterast til risikogruppa og andre målgrupper som nemnt over. Først når desse er ferdigvaksinert kan kommunen opne for vaksienring av andre.
 
Vaksinering i apotek er ikkje ein del av influensavaksinasjonsprogrammet, og dei som vaksinerer seg der må betale full pris for vaksine og vaksinering. Helsedirektoratet har hausten 2020 gjort vedtak om at apotek må reservere vaksinedosane til personar i risikogruppene og helsepersonell. Vedtaket gjeld fram til 1. desember.