Kulturpris for Stranda 2021

Kulturprisen skal delast ut til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege. 

Formålet med kulturprisen er å stimulere lag, grupper eller personar i arbeidet for utbreiing, utøving og organisering av ulike kulturaktivitetar i Stranda kommune. 

Kven som helst kan kome med forslag på kandidatar til prisen. Det er ingen søknadsskjema eller mal for innsending av forslag. 

Helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) i Stranda kommune avgjer om prisen skal delast ut, kven som skal få prisen og, i tilfelle deling, kor stor del kvar skal få. 

Kulturprisen skal delast ut av HOK ved høve og kan delast ut berre ein gong til same person/lag/gruppe for same aktivitet.

Frist for innsending av forslag til kandidatar er forlenga til 1. november 2021.

Kulturprisen er på kr. 10 000.

 

Sjå meir informasjon og retningsliner for kulturpris i Stranda.