Kurs i SkatteFUNN

  

I perioden april til juni arrangerer Forskingsrådet kurs i heile landet for bedrifter og andre som er nysgjerrige på Skattefunn.

I vårt område vert kurset arrangert i Molde 7. juni. Les meir her

Skattefunn er ei skatteordning for bedrifter i alle bransjar som skal fremje investeringar bedrifter har i forsking og utvikling.

Har bedrifta di ein idé eller planar om å utvikle eit nytt produkt eller teneste? Då kan de bli med på Skattefunn-kurs og lære meir om skattefrådragsordninga og få rettleiing til søknadsprosessen.

Bedrifter kan gjennom Skattefunn få 19 prosent av kostnadene i eit forskings- og utviklingsprosjekt i skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret.

Forsking og utvikling bidrar til at bedrifter blir meir innovative og har betre føresetnader for å lukkast med omstillingar. Undersøkingane til Skattefunn viser at om lag 90 prosent av bedriftene som starta Skattefunn-prosjekt dei to førre åra trur dei vil investere meir eller på same nivå dei neste 12 månadene.