Nyttig øving i Stranda

Inge Teigen  Kvar haust arrangerar Statsforvaltaren øving for kommunane i Møre og Romsdal "Øving Fårikål". I år var scenarioet dataangrep. 

Dette var ei nyttig øving der kriseleiinga, IKT-avdelinga og politi drøfta trussel- og risikobilde for ei slik hending.
Alle kommunane i landet er råda til å vere observante og arbeide førebyggande mot eit mogleg dataangrep, der fagsystem og digital infrastruktur blir sett ut av spel. Ei slik øving gjer oss bedre rusta mot ei eventuell hending.