Orientering om kompensasjonsordninga til lokalt næringsliv - tiltakspakke nr. 3

Klikk for stort bilete

 

Stranda kommune har fått brev frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet med orientering om at dei no deler ut tiltakspakke 3 til lokalt næringsliv, jf. Prop. 195 S (2020-2021)- Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 og Prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien. Statsbudsjett 2021- Tilskotsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder (PDF, 263 kB)


Framgangsmåten vert som ved tidlegare tildeling, dvs.:

  1. Næringssjefen lyser ut midlane på www.regionalforvaltning.no med ein tidsfrist for å søkje saman med informasjon frå dei sentrale /regionale føringane
  2. Utlysinga vert kunngjort på kommunen sine heimesider/Facebook-sider og annonse i Nyss med vising til heimesida.
  3. Næringssjefen vurderer innkomne søknader og legg fram innstilling til Formannskapet. Eg tek sikte på å få handsama søknadene i FOR i møtet 18.08.
  4. Formannskapet tek endeleg avgjerd om tildeling og søkjarane får tilsendt svar.

Stranda kommune fekk tidelt kr 1 153 000,- ved denne tildelinga. Kriteria er om lag dei same som ved siste tildeling, men det er teke med to nye typar næringsgreiner som ikkje vart nemnde i førre ‘pakke’ (utheva i teksten nedanfor):

‘750 millioner kroner fordeles til kommuner etter antallet ansatte i overnattings- og serveringsbransjen i hver kommune, sports- og fritidsvirksomheter (utenom idrettslag), detaljhandel (utenom dagligvare) og reisebyråer og -arrangører for 2. og 3. kvartal 2020, med de kvartalstall som totalt sett er mest fordelaktig for den enkelte kommune.’


Målet med tilskotet er definert slik:

«Målet med tilskotet er å setje kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale
verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Ordninga skal òg fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale
verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kommunane skal bruke midlane på tiltak på lokale verksemder som er råka av strenge
smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer kostnadene
eller tapa for lokale verksemder som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.

Kommunane har betydeleg fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte, avhengig
av den lokale situasjonen.»

Som vi ser er innretninga framleis slik at ein skal bruke midlane på bedrifter som er råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak

Søknadsfrist: Måndag 2. august

Mitt råd til potensielle søkjarar:

Start innhenting av dokumentasjon på reelle tap grunna smittevernrestriksjonar, slik at dette er klart til de skal søkje. Det vil nemleg bli ein relativt kort søknadsfrist fordi departementet ønskjer at midlane skal kome i arbeid snarast råd.

Inge Bjørdal
- Næringssjef-