Slik vaksinerar vi 4. dose i Stranda

 

Ein ser no aukande koronasmitte av ein ny variant (omikron BA.5). Denne varianten er no i ferd med å bli dominerande og brer seg raskare i samfunnet enn tidlegare variantar. Folkehelseinstituttet tilrår difor at ein planlegg for ein 4. vaksinedose til enkelte grupper.

Prioriteringsrekkefølgje:

  1. Sjukeheimsbebuarar og sårbare personar 75 år og eldre  med heimesjukepleie
  2. Aldersgruppa 80 år og eldre
  3. Aldersgruppa 75-79 år

Vaksinering på sjukeheim og omsorgsbustadar vil starte i veke 33 (frå 15. august).

For heimebuande over 75 år vert det vaksinering etter avtale med Stranda legekontor - I veke 27-32 vaksinerar vi ein gong i veka, etter kapasitet.
Time får ein ved å ringe legekontoret og ein oppmodar pårørande til å hjelpe sine der det krevst.

Vaksinering i Geiranger, Hellesylt og Liabygda etter avtale med legekontoret.

Dei under 75 år som ikkje er prioritert frå tilbod om vaksine frå september.