SMIL - Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket og Tilskot til tiltak i beiteområde (TiB) Søknadsfrist 2023: måndag 3. april (utvida frist grunna lite søknader til opprinneleg frist – 7. mars) Føremålet med tilskotsordninga SMIL er å fremje natur- og kulturminneverdiane kultur-landskapet og å redusere ureining frå landbruket. Kommunen inviterer gardbrukarar og andre som er søkjegode etter ordninga til å søkje. For meir opplysningar om SMIL-ordninga sjå kommunen sine heimesider under Næring og landbruk, eller ta kontakt med næringssjefen på tlf. 464 11 023. Du finn også informasjon på Landbruksdirektoratet sine sider: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/ordninger-for-jordbruk/tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket-smil?resultId=0.0&searchQuery=Spesielle+milj%C3%B8tiltak NB! Også eigarar av landbrukseigedom som leiger bort areala kan søkje via leigetakar, dersom jordbruksarealet på eigedommen vert drive av eit føretak som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskott.’ Retningsliner for ordninga (2023-2026) finn du på heimesida til kommunen. Tilskot til tiltak i beiteområde Søknadar om Tilskot til tiltak i beiteområde er ei eiga ordning. Ein nyttar same skjema som for SMIL, og søkjer her (som for SMIL) via Altinn. Du finn lokale vedtekter og sentrale forskrift for både SMIL-ordninga og Tilskot til tiltak i beiteområde på same område om du går inn på heimesidene til kommunen: https://www.stranda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/jordbruk/smil-ordninga-og-tilskott-tiltak-i-beiteomrade/