Status vaksinering for veke 16

Klikk for stort bilete 

Vi er no nesten ferdig å vaksinere dei over 75 år.  -  Alle over 75 år blir kontakta av kommunen for tid og stad for vaksinering.

Vi vaksinerar kun med vaksina frå Pfizer, i veke 16 får vi 120 doser.

Veke 15 starta vi med å vaksinere alder 65-74 - og samtidig personar mellom 18 og 64 år som er i risikogrupper, sjå fhi sine føringar.

Desse vil få ein SMS om at dei er prioritert, og må gå inn å bestille seg time på www.c19.no/vaksine. 

NB! det er kun personar som får SMS-varsel i forkant som kan bestille time. Dette betyr at det blir opna for nye prioriteringsgrupper etter kvart som vi får nok doser, og sms-varsel blir difor sendt ut til ulike tider til innbyggjarane.

Du kan få hjelp til å bestille tid for vaksinering. Ein av dine pårørande kan logge seg inn med eigen bank-id og bestille på vegne av deg.
Eller du kan ringe 464 11 047 måndag til fredag  i tida 09:00-11:30 og 12:30-14:00

For denne gruppa blir det lagt opp til vaksinering på følgande stadar:

Stranda på Storfjord Kulturhus
Hellesylt på Hægstad Gård
For Geiranger og Liabygda kjem vi med meir informasjon om seinare.

Viktig å merke seg:
- Møt opp presis, ikkje før tida
- Påbud med munnbind
- Husk å ta med gyldig legitimasjon
- Ha på deg t-skjorte, som gjer det lett å nå overarma di
- Du skal vente i 20 minutt etter vaksinering på stolen din
- Det er 2 doser med vaksine. Du får timeavtale til andre dose på SMS
- På  
helsenorge.no finn du ditt elektroniske vaksinasjonskort
- Hald deg heime dersom du er sjuk/har symptom eller er i isolasjon/karantene

Til deg som køyrer:
- Det er begrensa med parkeringsplassar, ikkje parker tidlegare enn 15 min før timen og forlat parkeringa straks etter vaksinering

Avbestilling:
- Det er svært viktig at du kjem til tildelt time. Grunnar til avbestilling er til dømes:
- Du sit i isolasjon/karantene eller er nærkontakt til ein som har testa positivt
- Du er sjuk/har symptom