Status vaksinering for veke 19 og 20

Klikk for stort bilete 

Veke 19 og 20 får vi 120 doser med vaksine frå Pfizer, vi har kome langt med vaksinering av gruppe 4, alder 65-74 - samt personar mellom 18 og 64 år som er i risikogrupper, sjå fhi sine føringar i tillegg dei som no skal ha dose 2. Vi vil vere ferdig med gruppe 4 i veke 22.

I veke 20 er det kun dei som skal ha dose 2 som får vaksine, ingen vaksiner går til dose 1, dette på grunn av at vi får levert få doser.

Dei som fekk AstraZeneca i veke 9 og 10, vil få tilbod om Pfizervaksine i veke 21 og 22.

SMS-varsel blir sendt ut kun nokre dagar i forkant av vaksineringa - Derfor viktig at du bestiller deg time snarast etter mottatt melding. 

NB! det er kun personar som får SMS-varsel i forkant som kan bestille time. Dette betyr at det blir opna for nye prioriteringsgrupper etter kvart som vi får nok doser, og sms-varsel blir difor sendt ut til ulike tider til innbyggjarane.
Det er viktig at du som er prioritert bestiller deg time eller gir beskjed om at du ikkje ønskjer vaksine.

Du kan få hjelp til å bestille tid for vaksinering. Ein av dine pårørande kan logge seg inn med eigen bank-id og bestille på vegne av deg. Eller du kan ringe 464 11 047 måndag til fredag  i tida 09:00-11:30 og 12:30-14:00

Vi vaksinerar på tirsdagar på følgande stadar NB! I veke 19 er det vaksinering onsdag 12.05.21.:

Stranda på Storfjord Kulturhus
Hellesylt på Hægstad Gård
For Geiranger og Liabygda etter avtale

Viktig å merke seg:
- Møt opp presis, ikkje før tida
- Påbud med munnbind
- Husk å ta med gyldig legitimasjon
- Ha på deg t-skjorte, som gjer det lett å nå overarma di
- Du skal vente i 20 minutt etter vaksinering på stolen din
- Det er 2 doser med vaksine. Du får timeavtale til andre dose på SMS
- På  
helsenorge.no finn du ditt elektroniske vaksinasjonskort
- Hald deg heime dersom du er sjuk/har symptom eller er i isolasjon/karantene

Til deg som køyrer:
- Det er begrensa med parkeringsplassar, ikkje parker tidlegare enn 15 min før timen og forlat parkeringa straks etter vaksinering

Avbestilling:
- Det er svært viktig at du kjem til tildelt time. Grunnar til avbestilling er til dømes:
- Du sit i isolasjon/karantene eller er nærkontakt til ein som har testa positivt
- Du er sjuk/har symptom