Stikk UT! Bedrift 2021

Klikk for stort bilete    

Opningsdagen for Stikk UT!-sesongen nærmar seg, og vi gler oss til 1. mai!


Torsdag 15. april blir årets turar lansert på www.stikkut.no, og også den nye Stikk UT! appen. Den har mellom anna god kartfunksjon som kan brukast utan dekning, høve til å følgje med på kvar du er, og enkel registrering av kode.

Kartbrosjyren kjem i postkassene i siste veka i april, og vi håper den vil inspirere mange til å kome seg ut på tur. Mange arbeidsplassar har vore med på Stikk UT! Bedrift tidlegare, og vi håper de melder dykk på i år også. De må også gjerne utfordre andre arbeidsplassar om å gjere det same!

 

Nytt i år:

  • Påmeldte bedrifter får tilsendt logoen «Vi er Stikk UT!-bedrift» som klistremerke og digital logo. Denne kan brukast på nettsida til bedrifta, Facebook, og klistremerket på kontoret.
  • I år kan topplistene sorterast på tre ulike måtar: Registreringar totalt, tal på aktive tilsette og tal på registreringar pr. tilsett.
  • Enklare påmeldingsskjema på stikkut.no
  • Under Mi bedrift viser no samla tal på høgdemeter og kilometer, i tillegg til talet på aktive tilsette, registreringar og turmål totalt.

Kvifor delta?

  • Styrkar arbeidsmiljøet, hyggeleg turprat i lunsjen
  • Alle finn turar dei klarer
  • God helse i bedrifta – kan redusere sjukefråvær
  • Identitetsskapande – «Vi er Stikk UT! Bedrift»
  • Rimeleg for bedrifta – gratis for dei tilsette
  • Bedrifta støttar Stikk UT!-arbeidet økonomisk og bidreg til at turtrimmen framleis kan vere gratis for deltakarane.

Som tidlegare har vi tre bedriftspakkar velje mellom. Sjå vedlagte plakat (PDF, 222 kB), og mrk. at prisane er eks. mva. Informasjon og påmelding finn der her: Påmelding til Stikk UT! Bedrift 2021

Vel møtt til ny tursesong frå 1. mai !

Beste helsing
Sunnmøre Friluftsråd