Stranda Energi AS sin talentpris

 Klikk for stort bileteStranda Energi AS sin talentpris på kr 10 000 skal delast ut til born/ungdom som utmerkar seg med eit spesielt talent eller viser spesiell dugleik. 

Krav til kandidatar

For å bli kandidat må ein ha synt at ein fortener karakteristikken "lovande innan sitt felt". Kandidaten kan representere ulike kulturfelt som til dømes song, musikk, teater, litteratur, biletkunst, dans, idrett, kulturvern, lokalhistorie o.a.

Utøvaren bør vere under 20 år og bu eller vere oppvaksen i Stranda kommune.

Ein kan ikkje få prisen meir enn ein gong.

Søknadsfrist

Frist for innmelding av kandidatar er 31. januar kvart år. Prisen gjeld då for året som har vore.

Send søknad

Søknad sendast per e-post til post@stranda.kommune.no eller per post til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda