Stranda kommune er med på Eigenberedskapsveka 2021

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?
1. november startar ei landsdekkjande kampanjeveke med fokus på eigenberedskap.

1. november startar ei landsdekkjande kampanjeveke om eigenberedskap.

Målet med Eigenberedskapsveka 2021, som varer frå 1. november til 7. november, er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar. Og ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du, og dine næraste, blir litt betre førebudd.

Dette gjer vi under Eigenberedskapsveka 2021:

Det vert lokalt gjennomført tiltak ifb. med eigenberedskapsveka:

• Stand/utstilling om eigenberedskap ved REMA 1000 den 2 november kl.14-17
• Utstilling i Biblioteket fra onsdag 3 november til torsdag den 11 november.

Eigenberedskapsveka er eit samarbeid mellom:
Stranda kommune
Stranda Røde Kors
Sunnylven Sanitetslag
Stranda Helselag

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tar nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn (72 timar).

Sjåas!