Varme arbeider kurs på Stranda 30 november

Stranda Kommune v. Brannvernet gjennomfører kurs innan varme arbeid 30.11.22 kl. 09:00 i Storfjord kulturhus.

Informasjon:
Frå 01.01.2001 vart det krav til at alle som utfører varme arbeid på tilfeldig arbeidsplass, skal ha ”sikkerhetssertifikat” for å utføre varme arbeid.
Sertifikat for varme arbeider utskrivast av Norsk brannvernforening på vegne av forsikringsselskapa.
Sertifikatet utskrivast til deltakarar som har gjennomført og bestått opplæring.
Sertifikatet har fem års gyldigheit.

Mål for kurset:
Auke bevisstheita på brannfaren ved varme arbeid og redusere talet på brannar og branntilløp - og dermed redusere kostnadar.
Etter å ha gjennomført opplæringa i brannvern ved utføring av varme arbeid skal utøvaren ha den kompetansen som er nødvendig for å utøve varme arbeid på ein ansvarleg og risikobevisst måte.

Meir informasjon her (PDF, 90 kB)

Påmeldingsskjema (DOC, 75 kB)