Bakgrunn, formål og tiltak
Det skal utarbeidast detaljregulering der hovudføremålet er tilrettelegging for ny turist – og beredskapskai på Hellesylt i Stranda kommune.
Tiltakshavar er styret for Hellesylt turist- og beredskapskai AS, som er eit treparts samarbeid mellom Stranda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Flakk Gruppen AS. Stiftarane er likeverdige partar og eigarar av Hellesylt turist- og beredskapskai AS.
Det vart avhelde oppstartsmøte mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Stranda kommune den 18.05.22, og Fast utval for plansaker gjorde vedtak om varsel om oppstart den 22.08.22, sak 051/22.
Detaljreguleringa tek utgangspunkt i vedteken Områderegulering for Hellesylt sentrum NY (2015), sjå arealplaner.no | 2011002 > Plandokumenter. Kommunen har ikkje stilt krav til yttarlegare konsekvensutgreiing (KU) for detaljregulering.
Detaljreguleringa omfattar tilrettelegging for etablering av ei kai for ferjer og turistbåtar, inkludert servicebygg og tilrettelegging for miljøvenlege driftsformer. Landområdet skal oppgraderast med infrastruktur tilpassa nye løysingar og funksjonar. Vedlagt følger kart med detaljert planavgrensing.
Styret for Hellesylt turist- og beredskapskai AS har i 2023 engasjert SWECO AS til å gjere ein moglegheitsstudie og forprosjekt, og det er vedteke å vidareføre følgande konsept for kaikonstruksjonen:
Medverknad og frist for innspel
Dette er eit varsel om at planarbeidet har starta opp. Det vil også vere høve til å kome med innspel når planframlegget vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Høyringa vert annonsert, og berørte partar og høyringsinstansar vert på nytt tilskrivne. I høyringsperioden vil det bli arrangert eit orienteringsmøte på Hellesylt.
Frist for å kome med innspel eller andre relevante opplysningar er sett til 25. oktober 2024.
Send skriftleg uttale per e-post til inge.hole@stranda.kommune.no eller med brevpost til:
Hellesylt turist- og beredskapskai AS v/dagleg leiar Inge Hole, Øyna 13, 6200 Stranda.
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Inge Hole, tlf. 46411131 eller e-post inge.hole@stranda.kommune.no
Berørte partar og offentlege faginnstansar er direkte tilskrivne.
Vi gjer merksame på at innspela ikkje blir besvart direkte, men vil følgje saka når plandokumenta blir lagt ut til høyring. Vi gjer også merksame på at vi i innleiande fase går breitt ut med planavgrensinga, men at planen kan bli snevra inn til konkret arealbehov når planen leggast ut til høyring.
Undersøkingar
I planleggingsfasen kan det vere behov for synfaringar og ulike undersøkingar i området.
Grunneigarar som vert berørt av dette vil bli varsla når tidspunkt for aktuelle undersøkingar er avklart.
Gjeldande lovverk
Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova §12-8. Planen blir utarbeidd etter PBL §12-3.