Detaljregulering Opshaugvik - Eigengodkjenning

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 03.01.2018

Stranda kommunestyre har den 14.12.2017 i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 eigengodkjend detaljregulering Opshaugvik

Planen legg til rette for utviding av landbasert smoltanlegg .

Krav om innløysing etter § 15-2 eller krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova må vere sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa. Krava skal rettast til kommunen.

Vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter kunngjeringa i Sunnmøringen.

Eventuelle klager skal grunngjevast og sendast til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, for førebuande sakshandsaming.