Kommunestyret vedtok i møte den 21.12.22 i sak 117/22 at det vert utskreve eigedomsskatt i 2023 etter eigedomsskattelova §3a på faste eigedomar i heile kommunen. Eigedomsskatten er på 6 promille. Det er unntak for bustadar og fritidsbustadar der eigedomsskatten er 4 promille.
I tråd med kommunestyret sitt vedtak om kontorjustering, vert kvadratmeterprisane/»verdet» auka med 10% i tråd med eigedomsskattelova §8 A-4.
Frå 2020 vart det innført obligatorisk reduksjonsfaktor i eigedomsskattegrunnlaget for bustad og fritidseigedom med 30%. Dette ser du på skattesetelen ved at eigedomsskattegrunnlag/takst er multiplisert (ganga) med (0,7) slik at grunnlaget vert redusert frå 100% til 70%.
Listene ligg også for gjennomsyn på Servicekontoret, Øyna 13, Stranda.
For bustad/fritidsbustad vert eigedomsskatten utrekna slik
Eks. bustad. Kvadratmeterprisen er kontorjustert/auka med 10% i forhold til vedtekne prisar frå 2013. I 2013 var kvadratmeterprisen sett til kr 12 000. Denne vert auka med 10%, slik at ny kvadratmeterpris etter auken i 2023 vert kr 13 200, som vist i tabellen nedanfor.
I utgangspunktet har bygningar med byggeår i 2009 og seinare ein indre faktor (IF) på 1,0. For eldre bygg er det lågare IF. For meir informasjon vert det synt til «rammer og retningsliner for taksering», som ligg på kommunen si heimeside.
Stranda sentrum har sonefaktor 1,0. Dei andre sonene har lågare faktor.
Eksempel på utrekning av eigedomsskatt for store bueiningar – over 190 kvm
· Avgiftsareal frå 0 til 190 m 2 skal ha 100 % verdi
· Alt avgiftsareal over 190 m 2 skal ha 50 % verdi
Eksempel på utrekning av eigedomsskatt for bustad med avgiftsareal under 190 kvm
I eksempelet nedanfor er det vist utrekning av eigedomsskatt på ein einebustad på 110 kvm, i Stranda sentrum
Eigedom
|
Avgiftsareal/faktor
|
Utrekning
|
Sum
|
|
|
|
|
GBN xx/xx/0/0
|
110,0
|
(12 000*1,1)= 13 200
|
1 452 000
|
Faktor indre forhold (IF)
|
1,0
|
(1,0*1 452 000)
|
1 452 000
|
Faktor ytre forhold (YF)
|
1,0
|
(1,0*1 452 000)
|
1 452 000
|
Sonefaktor
|
1,0
|
(1,0*1 452 000)
|
1 452 000
|
Takst
|
|
|
1 452 000
|
Skattenivå
|
0,7
|
(0,7*1 452 000)
|
1 016 400
|
Promille
|
4,0
|
(0,004*1 016 400)
|
4 065
|
Tal terminar
|
4,0
|
|
|
Betaling pr termin
|
|
(4 065:4)
|
1 016,25
|
Evetuelle spørsmål om eigedomsskatten kan rettast til Stranda kommune, tlf. 70 26 80 00
Stranda, 27.2.2023
Eigedomsskattekontoret