Eigengodkjenning av detaljregulering for Gnr 121 Bnr 52 i Geiranger

Publisert av Andreas Standal EIkrem. Sist endra 21.11.2018

Stranda kommunestyre har den 14.11.2018, KOM-sak 104/18 i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 eigengodkjend detaljregulering for Gnr 121 Bnr 52 i Geiranger.

Planen legg til rette for tilsettebustad for Hotel Union Geiranger.

Krav om innløysing etter § 15-2 eller krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova må vere sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa. Krava skal rettast til kommunen.

Vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter kunngjeringa i Sunnmøringen. Eventuelle klager skal grunngjevast og sendast til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, for førebuande sakshandsaming.