Eigengodkjenning av detaljregulering for Gnr 46/ Bnr 28, Del av H22, Hevsdalen

Publisert av Andreas Standal EIkrem. Sist endra 09.01.2019

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vart detaljregulering av Gnr 46/ Bnr 28, del av H22, Hevsdalen eigengodkjend i Stranda kommunestyre den 14.12.18,  KOM-sak 120/18.  

Planen legg til rette for etablering av mindre fritidsbustadar.

Aktuelle saksdokument er lagt ut på www.stranda.kommune.no. Plandokument finn ein ved å gå inn på «offentleg utlegg» som ligg under snarvegar på framsida.  

Krav om innløysing etter § 15-2 eller krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova må vere sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa. Krava skal rettast til kommunen.  

Vedtaket kan klagast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 31.01.2019, Eventuelle klager skal grunngjevast og sendast til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, eller post@stranda.kommune.no for førebuande sakshandsaming.