Høyring av planprogram, og varsel om oppstart av planarbeid for «Energi- og klimaplan Stranda kommune»

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 09.07.2018

I medhald av plan og bygningslova §§ 11-12 og 11-14 melder Stranda kommune oppstart av arbeid med kommuneplan og høyring av planprogram for «Energi- og klimaplan Stranda kommune»

Forslagsstillar er Stranda kommune som gjennom sak 011/18 i kommuneplanutvalet den 2.7.2018 vedtok høyring av planprogram, og oppstart av planarbeidet. Føremålet med ein energi- og klimaplan er å styre arbeidet med reduksjon i utslepp av klimagassar, redusert energibruk og meir bruk av energi frå fornybare kjelder fram mot 2030.

Ein gjer merksam på at merknader til saka vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved vidare handsaming av planen.

Merknader til planprogrammet og innspel til planarbeidet kan sendast til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda eller på e-post post@stranda.kommune.no innan 20.9.2018.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til næringssjef Inge Bjørdal, tlf 464 11 023, e-post inbj@stranda.kommune.no.