Høyring av planprogram, og varsel om oppstart av planarbeid for «Strategisk næringsplan for Stranda kommune»

 

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 09.07.2018

I medhald av plan og bygningslova §§ 11-12 og 11-14 melder Stranda kommune oppstart av arbeid med kommuneplan og høyring av planprogram for «Strategisk næringsplan for Stranda kommune»

Forslagsstillar er Stranda kommune som gjennom sak 012/18 i kommuneplanutvalet den 2.7.2018 vedtok høyring av planprogram, og oppstart av planarbeidet. Føremålet med ein strategisk næringsplan er å avklarar kva for mål, tiltak, ansvar og roller kommunen som verksemd og næringslivet har i høve næringsutvikling.

Merknader til planprogrammet og innspel til planarbeidet kan sendast til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda eller på e-post post@stranda.kommune.no innan 20.9.2018.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til næringssjef Inge Bjørdal, tlf 464 11 023, e-post inbj@stranda.kommune.no.