Høyring - Kommundelplan for energi- og klima 2022-2025, Stranda kommune

I medhald av plan- og bygningslova §11-14 har kommuneplanutvalet i møtet 6.10.2021, sak KPU- 011/21 gjort vedtak om høyring og offentleg ettersyn av Energi- og klimaplan for Stranda kommune 2022-2025.

Alle kommunar er pålagde å utarbeide ein energi- og klimaplan. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i forventningsbrevet for 2021 lagt stor vekt på at kommunane skal arbeide med og setje seg mål for energisparing og klimatiltak/-tilpassing m.a. i form av eit klimagassbudsjett og rekneskap.

Planen er utarbeidd av Stranda kommune og er gitt status som kommunedelplan. Planen har som føremål å få innarbeidd klimatiltak som fast del av budsjettprosessen og det er difor laga ein tiltaksplan som skal reviderast og leggjast fram til politisk handsaming kvar budsjettperiode for å sikre ressursgrunnlag for gjennomføring av tiltaka.

Merknader til planen vil bli referert og vurdert gjennom saksutgreiinga i den vidare handsaminga av planen. Eventuelle merknader skal sendast til post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, innan 10.12.2021.  

Høyring Energi og Klimaplan
Tittel Publisert Type
1 Høyringsbrev - Energi- og klimaplan

20.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Energi- og klimaplan for Stranda kommune til offentleg ettersyn.pdf
2 Energi- og klimaplan med tiltaksplan til høyring

20.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Energi- og klimaplan for Stranda kommune med tiltaksplan til høyring.pdf
3 Kommunedelplan for klima og energi 20210909

20.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kommunedelplan for klima og energi 20210909.pdf
4 Tiltak klimabudsjett 2022_2025_20.09.2021

20.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Tiltak klimabudsjett 2022_2025_20.09.2021.pdf
5 U4SSC - Snapshot - Stranda

20.10.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned U4SSC - Snapshot - Stranda.pdf