Høyring - Samfunnsdelen i kommuneplanen for Stranda kommune i planperioden 2025-2035

Kommuneplanutvalet i Stranda har i møte 21.11.2024 gjort vedtak om å legge framlegg til Samfunnsdelen i kommuneplanen for Stranda kommune i planperioden 2025-2035, ut på høyring og offentleg ettersyn.

Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2035 tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon.

Gjennom arbeidet med revidering av samfunnsdelen har administrasjonen vektlagt viktige samfunnsutfordringar Stranda kommune står ovanfor i planperioden. I revideringa av samfunnsdelen har vi valt å basere planen i hovudsak på politikar-, administrasjon- og innbyggjarperspektivet og innspela dei har vektlagd i medverknadsprosessane. Satsingsområda dei har vektlagt har styrt utarbeiding av planen, måla og strategiane.

Merknadar til samfunnsplanen kan sendast til post@stranda.kommune.no  eller til
Stranda kommune
Øyna 13
6200 Stranda

Merknadsfrist er: 03.01.2025


 

Offentleg ettersyn - Kommuneplan - Samfunnsdelen i Stranda kommune for planperioden 2025-2035
Tittel Publisert Type
Offentleg ettersyn - Kommuneplan - Samfunnsdelen i Stranda kommune for planperioden 2025-2035

22.11.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Offentleg ettersyn - Kommuneplan - Samfunnsdelen i Stranda kommune for planperioden 2025-2035.pdf
Samfunnsplan Stranda kommune 2025-2035

22.11.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Samfunnsplan Stranda kommune 2025-2035.pdf