Kulturminneplan for Stranda kommune – varsel om høyring og offentleg ettersyn

 

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 06.11.2018

I medhald av plan- og bygningsloven §§ 4-1, 11-12 og 11-13 har Kommuneplanutvalet i møte den 05.11.18, sak 016/18 gjort vedtak om å legge ut kulturminneplanen til høyring og offentleg ettersyn.

Føremålet med planen er å få auka kunnskapen om kulturminna i kommunen, og å få kartfesta og gjort tilgjengeleg dei kulturminna som er av høgast verdi.

Innspel og merknader til planen skal vere skriftlege og sendast til post@stranda.kommune.no , eller Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, innan 19.12.2018. Vi ber spesielt om synspunkt på Vedlegg 1 Tiltak, enkeltobjekt (kap. 5.10.1, side 48).