Kunngjøring detaljreguleringsplan Kjølåsgjerdet 2

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vart detaljreguleringsplan Kjølåsgjerdet eigengodkjent i kommunestyret 21.12.2022, sak 118/22. 

Planen legg til rette for bustadbygging på Kjølås i Stranda. 

  1. Plankart (PDF, 446 kB)
  2. Føresegner (PDF, 70 kB)
  3. Planomtale (PDF, 5 MB)
  4. ROS-analyse (PDF, 645 kB)

Krav om innløysing etter plan- og bygningslova § 15-2 eller krav om erstatning etter § 15-3 må vere sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa. Krava skal rettast til kommunen. 

Vedtaket kan klagast inn til statsforvaltaren i Møre og Romsdal innen 3 veker etter denne kunngjeringa. Eventuelle klager skal grunngjevast og sendast til  Stranda kommune, Øyna 13, 6200 STRANDA for førebuande sakshandsaming.