Melding om oppstart: Detaljregulering av gnr. 91 bnr. 174 på Hellesylt

 

Med dette varslar Norconsult AS på vegne av Norwegian Hydrogen AS (tiltakshavar), og i medhald av plan- og bygningsloven §12‑8, oppstart av «Detaljregulering for gnr. 91 bnr. 174 m. fl.»  på Hellesylt i Stranda kommune.

Tiltakshavar ønskjer å legge til rette for ein arealbruk for gnr. 91 bnr. 174 i Hellesylt som gjev høve til etablering av fabrikk for produksjon og lagring av 1 til 2 tonn komprimert hydrogen pr. døgn. Så langt er anlegget tenkt som eit «container anlegg», dvs. bygd opp av modular som samla utgjer produksjonsfabrikken. Del av gnr. 91 bnr. 198 kan bli knytt til tiltaksområdet vedkomande tilkomst og avkøyrsle til off. veg. Ev. sikringsvoll rundt anlegget vil inngå.

Eigedomane gnr. 91 bnr. 174 og gnr. 91bnr. 198 inngår i dag i reguleringsplanen for Hellesylt sentrum med arealbruksføremålet «Forretning/industri, F/I». Arealbruken vil bli endra til «Industri» med endring av føresegnene i den grad det er naudsynt for å stette det aktuelle tiltaket. Arealbruken utanfor omtala eigedomar vil bli oppretthalden, men naudsynte omsynssoner, med bakgrunn i m.a. ROS-forhold, vert å ta med i tillegg. Regulert avkøyrsle frå noverande F/I-1 vil kunne bli endra eller gå ut.  Ev. endringar av gjeldande plan som følgje av innspel/merknader vil kunne kome til.

Vi viser elles til Planinitiativet (PDF, 2 MB) og referat frå oppstartsmøte med kommunen. (PDF, 779 kB)

Melding om oppstart med plangrenser (PDF, 704 kB)

Liste over grunneigarar, organisasjonar og mynde som er varsla (PDF, 827 kB)

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Norconsult ved Kåre Gjengedal, tlf. 95 13 89 22, kare.gjengedal@norconsult.com

Innspel til planarbeidet må sendast skriftleg på e-post til kare.gjengedal@norconsult.com innan 18.02.2022