Offentleg ettersyn av detaljregulering for Svemorka Vest

 

Publisert av Andreas Standal EIkrem. Sist endra 01.11.2018

I medhald av plan- og bygningslova §12-10 har det faste utvalet for plansaker i møtet 31.10.18, PLA 095/18, gjort vedtak om offentleg ettersyn av Svemorka vest.

Planen er utarbeidd av Rambøll AS for Stranda kommune, og har som føremål å legge til rette for ei heilskapeleg utvikling av Svemorka industriområde.

Saksdokument, reguleringsplan og planomtale med føresegner er lagt ut på Stranda kommune  sine heimesider (www.stranda.kommune.no). Plandokument finn ein ved å gå inn på «offentleg utlegg» som ligg under snarvegar på framsida.

Ein gjer merksam på at merknader til saka vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved vidare handsaming av planen.

Eventuelle merknader skal sendas til  post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, innan 31.12.2018