Offentleg ettersyn detaljregulering for Hellesylt Turistsenter AS

Publisert av Andreas Standal EIkrem. Sist endra 01.11.2018

I medhald av plan- og bygningslova §12-10 har det faste utvalet for plansaker i møtet 31.10.18, PLA 093/18, gjort vedtak om offentleg ettersyn av detaljregulering for GBN 91/183 Hellesylt Turistsenter AS.

Planen er utarbeidd av Aaland arkitektkontor for Hellesylt Turistsenter AS, og har som mål å legge til rette for vidare drift og utvikling av campingplassen på Hellesylt.

Saksdokument, reguleringsplan og planomtale med føresegner er lagt ut på Stranda kommune sine heimesider (www.stranda.kommune.no). Plandokument finn ein ved å gå inn på «offentleg utlegg» som ligg under snarvegar på framsida.

Ein gjer merksam på at merknader til saka vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved vidare handsaming av planen.

Eventuelle merknader skal sendas til  post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, innan 31.12.2018