Offentleg ettersyn detaljregulering for Stranda feriesenter

 

Publisert av Andreas Standal EIkrem. Sist endra 01.11.2018

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har det faste utval for plansaker i møte 31.10.18, PLA 092/18, gjort vedtak om offentleg ettersyn av Stranda feriesenter.

Planen er utarbeida av Proess for Stranda feriesenter, og har som føremål å legge til rette for vidare drift og utviding av campingplassen i Stranda sentrum.

Saksdokument, reguleringsplan og planomtale med føresegner er lagt ut på Stranda kommune  sine heimesider (www.stranda.kommune.no). Plandokument finn ein ved å gå inn på «offentleg utlegg» som ligg under snarvegar på framsida.

Ein gjer merksam på at merknader til saka vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved vidare handsaming av planen.

Eventuelle merknader skal sendas til  post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, innan 31.12.2018