Offentleg ettersyn - Detaljregulering for Svingen Eigedom

 

Publisert av Ole Mariius Sve Hagen. Sist endra 31.01.2019

I medhald av plan- og bygningslova §12-10 har det faste utvalet for plansaker i møte 29.01.19, sak
PLA 015/19, gjort vedtak om offentleg ettersyn i seks veker, av detaljregulering for GBN 49/67,
Svingen Eigedom.
Emdal arkitekter har på vegne av Ous & Emdal Bygg as og Svingen Eigedom as utarbeidd planen.
Føremålet med planen er å leggje til rette for bustad/forretning
Saksdokument, reguleringsplan og planomtale med føresegner er lagt ut på Stranda kommune
sine heimesider (
www.stranda.kommune.no). Plandokument finn ein ved å gå inn på «offentleg
utlegg» som ligg under snarvegar på framsida.
I samsvar med §12-10 3. ledd vert det med dette varsla om at det ikkje vert sendt nytt varsel til
naboar ved byggesak.
Denne kunngjeringa er også nabovarsel for byggesak.
Ein gjer merksam på at merknader til saka vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved
vidare handsaming av planen.
Eventuelle merknader skal sendast til
post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune, Øyna
13, 6200 Stranda, innan 14.03.19.