Offentleg ettersyn detaljregulering for Zip-line i Geiranger

 

Publisert av Andreas Standal EIkrem. Sist endra 20.11.2018

I medhald av plan- og bygningslova §12-10 har det faste utvalet for plansaker i møtet 15.11.2018,

PLA 107/18, gjort vedtak om offentleg ettersyn av detaljregulering for Zip-line i Geiranger.

Planene er utarbeidd av Nordplan for Explore Geiranger AS, og har som føremål å etablere eit tilbod om zip-line i Geiranger.

Saksdokument, reguleringsplan og planomtale med føresegner er lagt ut på Stranda kommune  sine heimesider (www.stranda.kommune.no). Plandokument finn ein ved å gå inn på «offentleg utlegg» som ligg under snarvegar på framsida.   

Ein gjer merksam på at merknader til saka vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved vidare handsaming av planen.   

Eventuelle merknader skal sendas til  post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, innan 10.01.2019