Offentleg ettersyn detaljregulering Sløgstadmarka

 

Publisert av Ole Mariius Sve Hagen. Sist endra 07.11.2018

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har det faste utvalet for plansaker i møte 31.10.18.

PLA 094/18, gjort vedtak om offentleg ettersyn av detaljregulering GS Sløgstadmarka.

Planen er utarbeiddav OSE Ingeniørkontor, og har som føremål å lage detaljregulering for gang og sykkelveg i Sløgstadmarka.

Saksdokument, reguleringsplan og planomtale med føresegner er lagt ut på Stranda kommune  sine heimesider (www.stranda.kommune.no). Plandokument finn ein ved å gå inn på «offentleg utlegg» som ligg under snarvegar på framsida.

Ein gjer merksam på at merknader til saka vert referert og vurdert gjennom saksutgreiinga ved vidare handsaming av planen.

Eventuelle merknader skal sendas til  post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda, innan 01.01.2019.