Varsel om oppstart av planarbeid – Reiselivsplan for heilårsturisme i Stranda

Ellen Fivelstad   

Stranda kommune varslar hermed, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 oppstart av planprogram for ein reiselivsplan for heilårsturisme i alle fire bygdelaga.

Føremålet med denne kommundelplanen er å styrke heile kommunens geografiske område som ein heilårsdestinasjon. Planen skal foreslå tiltak som kan bidra til at dei besøkande til vårt område får gode opplevingar, samstundes som dei aukar verdiskaping, men utan at dette går utover lokale natur- og kulturverdiar, og det som er særeige for kvart av dei fire bygdelaga.

Planen skal også drøfte kva som er sterke og svake sider for «Stranda kommune som geografisk område for ein destinasjon, og kva ein ser av trugsmål og moglegheiter når det gjeld reiselivet i kommunen i framtida.

Planinitiativet blei handsama i kommuneplanutvalet i Stranda kommune 17.08.2022 i KPU sak 05/22.
Det blei fatta følgande vedtak: «I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 vedtek Stranda kommune oppstart av reiselivsplan for heilårsturisme som temaplan til kommuneplanen».

Les planprogrammet her (PDF, 2 MB)

Skriftlege innspel eller spørsmål om planarbeidet kan rettast til prosjektleiar Ellen Fivelstad på telefon: 412 68 040 eller på e-post til: post@stranda.kommune.no

Frist for innspel er den 10. oktober 2022.