Kva skjer med arbeidsgivaravgifta ved kommunesamanslåing?
Fylkesmannen viser til eit innlegg på KS sine nettsider som svar på spørsmålet. I korte trekk er svaret at kommunane får vidareført sitt avgiftsnivå fram til 31.desember 2020, sjølv om ein slår saman kommunane før den tid. Frå 1.januar 2021 vil den nye kommunen bli handsama som ein kommune, og utfallet av nye satsar er enno ikkje klart. I og med at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift skal reforhandlast med verknad frå 1.1.2021, er resultatet like uvisst anten ein slår saman kommunane eller ikkje. Det same gjeld kommunar som slår seg saman lengre fram i tid.
Forhandlingsutval
Stranda kommunestyre vedtok den 26.09.18 å ta opp att drøftingar med Sykkylven kommune om samanslåing. Sykkylven kommunestyre gjorde tilsvarande vedtak den 27.08.2018.
Begge kommunane sette ned forhandlingsutval der alle politiske partia er representert.
Fram mot kommunevalet er det eit mål å lage eit best mogleg utkast til ny intensjonsavtale, som dei nye kommunestyra kan arbeide vidare ut frå.
Det skal vere ein open prosess. Det er politikarane som forhandlar, men tillitsvalde og rådmenn i begge kommunane vil følgje forhandlingane.