Skilt og reklame

Stranda kommune har eiga vedtekt om oppsetjing av skilt og reklame, vedteken i kommunestyret 30.09.1998.

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 07.12.2016

I følgje vedtekta må nye skilt, transparentar, reklameinnretningar o.l som er større enn 0,5 m2 og flaggstenger til reklamebruk, ikkje setjast opp utan at kommunen har gjeve samtykke.

For skilt, transparenter, reklameinnretningar o.l som er mindre enn dette, må oppsetjing meldast til kommunen.

Ved søknad om skilt større enn 0,5 m2, må du varsle naboar/gjenbuarar og sende søknad (PDF, 166 kB)i eitt eksemplar til kommunen. Søknad om oppsetjing av skilt skal innehalde målsett teikning eller foto av skiltet og fargeframlegg og eventuell plassering på bygningen.

Kontakt

Roald Rekdal
Ingeniør byggjesak