Det vil ikkje vere høve til å velje sjølv kva type vaksine du får. Grunnen til dette er at det vil vere vanskeleg å få til i praksis, vil auke risiko for feil, og kan medføre at verdifulle dosar ikkje kan nyttast.
Har du ikkje fått sms frå c19 og ønskjer å bli vaksinert, må du sende epost til massevaksinering@stranda.kommune.no
Dersom du av ulike grunnar ikkje har bestilt deg time enno, ber vi deg gå inn på c19.no og bestille time snarast, eller takke nei til vaksine. Om du vel å ikkje bestille deg time no, kan du måtte rekne med å måtte vente litt for å få vaksina.
Det er vaksinering på Stranda ved Storfjord Kulturhus - Inngang på baksida.
Du kan få hjelp til å bestille tid for vaksinering. Ein av dine pårørande kan logge seg inn med eigen bank-id og bestille på vegne av deg. Eller du kan ringe 464 11 047 måndag til fredag i tida 09:00-11:30 og 12:30-14:00 eller send ein e-post til massevaksinering@stranda.kommune.no
Viktig å merke seg:
- Møt opp presis, ikkje før tida
- Påbud med munnbind
- Husk å ta med gyldig legitimasjon
- Ha på deg t-skjorte, som gjer det lett å nå overarma di
- Du skal vente i 20 minutt etter vaksinering på stolen din
- Det er 2 doser med vaksine. Du får timeavtale til andre dose på SMS
- På helsenorge.no finn du ditt elektroniske vaksinasjonskort
- Hald deg heime dersom du er sjuk/har symptom eller er i isolasjon/karantene
Til deg som køyrer:
- Det er begrensa med parkeringsplassar, ikkje parker tidlegare enn 15 min før timen og forlat parkeringa straks etter vaksinering
Avbestilling:
- Det er svært viktig at du kjem til tildelt time. Grunnar til avbestilling er til dømes:
- Du sit i isolasjon/karantene eller er nærkontakt til ein som har testa positivt
- Du er sjuk/har symptom
Vaksinering Storfjord Kulturhus: